Meny 2

I 2017 lét bibellesarar seg minne på at Gud er med

POPULÆR: Josva 1, 9 var det mest populære bibelverset i 2017 ifølge Bibel-appen YouVersion som er installert over 302 millioner ganger og finnes på 1134 språk. FOTO: KPK

Det mest populære bibelverset verda over i 2017 handlar om å vera modig og ikkje la seg skremma eller missa motet, for Gud er med.
SKREVET AV INGUNN MARIE RUUD
PUBLISERT 02. JANUARY 2018

Det kan verka som om året 2017, med ein del verdspolitisk turbulens, har gjort at mange bibellesarar har søkt etter oppmuntring og støtte i Guds ord.

Det mest delte og understreka bibelverset i verda i 2017 er nemleg, ifølgje bibel-appen YouVersion, Josva 1, 9: «Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.» Dette er òg det meste populære verset blant norske brukarar.

Det meste populære bibelverset i verda i 2016 var Romarane 8,28 «Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.».

Bibel-appen til YouVersion er no installert over 302 millionar gonger og finst på 1134 språk.

Framtidsvon

YouVersions årlege oppsummering listar opp det meste populære bibelverset i 34 ulike land. Utanom Josva-verset, som er på topp i 17 av desse landa, er det særleg Jeremia 29,11 som går igjen: «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Dette verset, som tematisk kan likna det mest populære, var på topp i 10 av dei 34 landa i oversynet og var Noregs mest brukte vers i 2016 .

Verset som gjerne vert kalla «Den vesle bibel», Johannes 3,16, var berre på topp i 3 land i oversynet for 2017: Kambodsja, Thailand og Vietnam

Romania, Russland og Taiwan deler på å ha vinnaren til fjoråret Romarane 8,28 som favorittvers, medan New Zealand skil seg ut som det einaste med Romarane 12,2 på topp.

Her er favoritt-bibelversa i 35 land:

Argentina

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Canada

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Chile

Colombia

Costa Rica

Den Dominikanske Republikk

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Ecuador

Egypt

Frankrike

Tyskland

Ghana

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Guatemala

Indonesia

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Italia

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Japan

Kambodsja

Johannes 3,16

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Kenya

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Malaysia

Mexico

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Nederland

New Zealand

Romerne 12,2

«Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.»

Nigeria

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Norge

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Peru

Filippinene

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Romania

Romerne 8,28

«Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.»

Russland

Singapore

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Spania

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Storbritannia

Jeremia 29,11

«For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.»

Sverige

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Taiwan

Romerne 8,28

«Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.»

Thailand

Johannes 3,16

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

Venezuela

Josva 1,9

«Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For Herren din Gud er med deg overalt der du går.»

Vietnam

Johannes 3,16

«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»

KPK

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF