Meny 2

11.-12.november 2017 er det duka for ny mini-leir på Brusdalsheimen. Meld på andre-, tredje- eller fjerdeklassingen din her.

-Det er ledige plassar, smiler leirsjef Hilde Sofie Blindheim Østrem. Denne gongen er det Hilde Giske Lukkedal som er hyra inn som andaktshaldar for borna, og temaet er «Jesus sine hender».  Klikk på lydlenka under, der fortel leirsjef Østrem Radio Sunnmøre-lyttaren litt om det glade leirliv.

På Brusdalsheimen er det Arvid og Hilde Giske Lukkedal som styrer og steller. Grillbiletet er knipsa på den andre sida av året, men smila er dei same når dei lagar det kjekt på leirstaden for borna som kjem.

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF