Meny 2

Barna i den forfulgte kirke 

 
Korleis er det å leve som barn i land med forfølgelse? I dette programmet får du møte Shokrab, ein førsteklassing frå Sentral Asia. Du får lytte til den smertefulle opplevinga hans frå første skuledag, der han fekk høyre frå rektor at han var «ei skam for skulen!»
Det er verkeleg til ettertanke i desse augustdagane med skulestart. La deg berøre av Shokrab si historie! Korleis er det å vere kristne foreldre som skal oppdra barn i fiendtlege omgjevnader? Mot slutten av programmet får du møte Pastor Ibrahim som deler med oss frå kvardagen sin som tenåringsfar i Algerie. Han fortel at dei sjølvsagt blir sinte når dei høyrer at barna blir plaga på skulen. Samtidig sier han: «Vi prøver å lære barna våre at dei kan be for dei som mobbar og plagar, trass i vondskapen dei blir utsette for».
I programmet lyttar vi til Eva Vea si nydelege tolkning av songen «Her er mitt øre».

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF