Meny 2

Bibelspredning på den arabiske halvøy

 (illustrasjonsbilde: Bibelspredning)

Åpne Dører si historie startar med bibelspredning, og det er framleis ein sentral del av vårt arbeid. I dette programmet får du møte to av våre medarbeidarar; Joep* og Olivier*.

Dei er med og sprer Guds ord på den arabiske halvøy, både blant lokalbefolkninga og asiatiske gjestearbeidarar. Dette er modige menn som legg ned ein stor innsats, ikkje utan risiko, for å dele Guds ord i den arabiske verden. Dei opplever at menneske i aukande grad opnar seg for evangeliet, og gler seg særleg over nye muligheiter til å spre Bibelen – blant anna ved hjelp av minnekort til mobiltelefonar!

Det er éin ting Joep og Olivier kan og stole på i sitt arbeid, og det er krafta i bøn. Dei ber oss difor om å hugse på dei i våre bøner. I programmet lyttar vi til Salme 119,105 gjennom songen «Ditt ord», utgitt av Søndagsskulen i Norge

.

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF