Meny 2

Bønneaksjon før stortingsvalet

 
Nasjonalt bønneråd lanserer eigen bønneapp i samanheng med bønneaksjon dei siste tre vekene før stortingsvalet.

Nasjonalt bønneråd oppmodar til 21 dagars bønn for Noreg i perioden 21. august – 10. september, dei siste tre vekene i framkant av stortingsvalet 2017.

– Det står i Timoteus 2,2 at vi skal be for alle i høge stillingar. I samanheng med stortingsvalet tenkjer vi det er viktig med litt meir intens bønn for landet, seier Jon Steinar Kjøllesdal, som er dagleg leiar i Nasjonalt bønneråd.

I samanheng med aksjonen har rådet lansert bønneappen «Bønn for Norge» som kan lastast ned på smarttelefonar. Dagens bønneemne vil kvar dag leggjast ut i appen.

– Ved å få daglege meldingar inn på telefonen via appen, blir det lett å bruke fem minutt på bussen eller ei lengre bønnestund heime til å lyfte opp felles bønneemne for landet vårt, seier Kjøllesdal.

Han fortel at dei valde app som medium fordi det gjer bønneemna enkelt tilgjengelege.

– Alle har jo med seg telefonen har den dermed tilgjengeleg når ein skal ha ei bønnestund, eller skal arrangere eit bønnemøte, seier han.

Bønnekart

Nasjonalt bønneråd er eit forum med representantar frå fleire ulike bønnenettverk, bønnesentre og bønnemobiliseringar i Noreg.

Kjøllesdal håper appen også kan bli ein støtte til å arrangere bønnemøte i heimane og forsamlingane, med tekstane som inspirasjon.

– Det er openbert mange rundt i landet som blir samla til bønn og som har sett av bønnedagar utover hausten. For mange vil det vere naturleg å be for valet når dei har ei slik bønnesamling, seier han.

Bønnerådet har óg oppretta nettsida bonnforvalget.no. der det blir oppfordra til å registrere lokale bønnemøte. I august vil eit bønnekart gjere bønnemøta synlege via nettsida og appen.

Bønneemna i appen vil bli formulert av folk frå ulike organisasjonar og trussamfunn.

– Bønnene for mediene er det for eksempel Tro & Medier som har ansvar for, mens Åpne Dører vil vere ansvarleg for bønner for forfølgde. Tanken er at organisasjonar som alt har eit bønnearbeid vil få ansvar for forskjellige område, seier Kjøllesdal.

Nasjonal bønnedag

Appen er lansert men er framleis under utvikling. Kjøllesdal ser for seg at appen óg kan brukast etter valet.

– Alle dei 21 bønneemna frå aksjonen vil liggje lagra der, og den skal samle forskjellige tema å be for i framhaldet også, seier han.

Søndag 10. september blir utropt som ein nasjonal bønnedag av bønnerådet.

– Vi håper folk tek oppfordringa. Gudstenester denne dagen kan gi ekstra rom til bønn for landet, ut frå for eksempel 2. Krønikerbok 7,14, seier Kjøllesdal.

Bibelverset lyder slik: «Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.»

Spesielt år

Nasjonalt bønneråd blir samla til ein nasjonal bønnekonferanse på Grimerud kvart år. Her kjem også forkynnarar frå andre land med helsingar og påpeikingar rundt den åndelege situasjonen til Noreg. Kjøllesdal meiner dei har grunn til å tru at 2017 er eit spesielt år.

– I år hadde vi blant anna gjesting av John Dawson, som har vore leiar for Ungdom i Oppdrag internasjonalt, og David Demian frå Canada. Dei utfordra oss til å tru at 2017 er eit år av gjennombrot for evangeliet, seier han.

Bønnerådsleiaren trur 2017 er eit år då Gud vil svare på mange bønner som er bedt.

– Men vi treng óg å respondere litt. Den eine responsen er 21 dagar med bønn slik Daniel bad for gjenoppbygginga av Jerusalem etter profetien i Jeremia. Når vi får ei profetisk helsing så tenkjer vi at vi må respondere og faktisk be, seier han. KPK

Du kan høyre intervjuet Radio Sunnmøre gjorde med Jon Steinar Kjøllesdal her:

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF