På Skjærgårdsfestivalen skal Alexis Lundh i Tro & Medier ha seminar om skam og NRK-serien Skam. – Det er spekka med bodskap i Skam. Skal vi kristne la alt dette stå usvara, spør han.
SKREVET AV INGUNN MARIE RUUD
 Skjærgårds Music and Mission festival er i gong og i tillegg til konsertar, taler og lovsong tilbyr festivalen fleire seminarrekkjer med ulike tema. Ein av dei tek utgangspunkt I den populære NRK-serien Skam.

– Serien tek for seg tema som dagens ungdom er opptekne av. Det ønske vi også å gjere, seier programansvarleg for Skjærgårds, Line Lundstrøm, til NRK Sørlandet.

Alexis Lundh frå den tverrkyrkjelege organisasjonen Tro & Medier skal halde seminara som er på torsdag, fredag og laurdag.

– 1, 2 millionar nordmenn har sett Skam. Eg jobbar i kristne ungdomsmiljø og der ser dei Skam. Det må vi ta omsyn til. Derfor takka eg ja til utfordringa frå Skjærgårds, seier Lundh til KPK.

Lundh håper seminaret, som òg skal handle om skam i ordet sin rette forstand, kan gi ungdomane ei skikkeleg utfordring og føre til at dei tek eit oppgjer med livet sitt. Han roser festivalen sin tankegang rundt oppfølging.

– Når du tek opp slike ting trykkjer du på nokre knappar i liva til menneske. Her har Skjærgårds gjort ein solid jobb i framkant og har linka seminara inn til Nikodemus-teltet. Der sit det folk som veit kva eg skal seie. Eg har gått gjennom seminaret med forbedarane og dei veit kva som kjem, seier Lundh.

– Spekka med bodskap

Lundh, som er leiar for Ungdom & Medier, har sett alle sesongane av Skam og nokre episodar har han sett fleire gonger.

– Det er spekka med bodskap i Skam. Skal vi kristne la alt dette stå usvara? Skal ikkje vi som er truande ha ei stemme inn i våre eigne ungdomar? Her vel vi klart å ha ei stemme inn og setje i gong prosessar og gode refleksjonar rundt dilemmaa og dei etiske spørsmåla som kjem på rekkje og rad i heile serien, seier han.

Seminarhaldaren synest NRK si handtering av tema som for eksempel valdtekt og overgrep, i den mest setje andre sesongen, er veldig bra.

– Korleis NRK har tenkt heilt systematisk, kva ein gjer i forhold til for eksempel nakenbilete og rus, er som å lese rett ut av læreboka på kva som er riktig å gjere. Det er kjempebra, seier Lundh.

Han jobbar mykje med denne tematikken og held blant anna foredrag for barnevakta.no.

– Eg er mykje der ute, både i kristne miljø og ikkje-kristne miljø. At vi skal vere tagale og stikke hovudet i sanden over dette, det kjenner ikkje eg for.

 

– Øyeåpner for ungdomsleiarar

Målgruppa til Skjærgårds er 14-30. Lundh tenkjer at seminaret hans vil passe for 16-17 åringar.

– Eg håper òg at det sit ein del ungdomsleiarar der. Slike medieseminar er alltid ein augeopnar, å få malt ei røynd i forhold til nettbruk og korleis vi skal få evangeliet til å kome gjennom dette, seier han.

Lundh meiner at ungdomsleiarar som vil bruke Skam i forkynninga er nøydd å setje seg godt inn i stoffet og forvente tidkrevjande spørsmål etterpå, men å bruke samfunnsaktuelle problemstillingar meiner han er naturleg i kristen forkynning.

– Det er ikkje ukjent i kristen tradisjon å bruke samfunnsaktuelle problemstillingar med tanke på å forkynne evangeliet. Jesus sjølv gjekk jo rundt på jorda og fortalde likningar om brennaktuell tematikk. Han tok opp pengebruk, begjær, truskap og mange ulike ting gjennom å fortelje historier, seier Lundh.

Oppmodar ikkje

Lundh, som også leier HeltFri.net i Tro & Medier, vil ikkje nødvendigvis oppmode kristne ungdomar som ikkje har sett Skam å sjå serien.

– Skam som underhaldning? Nei. Det er krevjande. Den viser eit tankesett og ein livsførsel som eg ikkje oppmodar kristen ungdom til å føre. Då fell dei utanfor det som ligg i å vere kristen. Det set nokon føringar å seie ja til Jesus for livet ditt, seier han.

Ungdom & Medier-leiaren seier at sjølv om han ikkje ønskjer at ungdomane rundt seg skal leve livet sine slik ungdomane i serien gjer, må han ta omsyn til at så mange ser på serien.

– I Skam er det mange ulike problemstillingar, både moralske og etiske dilemma, som ungdomane allereie veit om, ser og kjenner igjen. Då er det veldig greitt å bruke det vidare som eit brekkjarn for evangeliet.

Dette er ikkje fyrste gong Tro & Medier tek for seg Skam-serien.

– Min kollega Halldis Bjerkvik Volle har jobba med tematikken og til sesong to laga vi ein foreldreveiledar med tanke på korleis snakke med barna om Skam. Ho skreiv også ein mediekommentar om serien, seier Lundh.

Homofili

I sesong 3 av Skam er homofili eit sentralt tema, men Lundh ønskjer ikkje å fyrst og fremst setje søkjelyset på det.

– Eg veit det blir forventa å bruke mykje tid på dette, men det kjem ikkje eg til å gjere. Eg skal snakke om skam og kva det er og må snakke til dei ungdomane som er der.

Lundh meiner han skyt eg skivebom dersom han berre snakkar til éi gruppe.

– Eg skal snakke om likeverd, om respekt og om at Gud elskar oss alle. Uansett kva du gjer eller kva legning du har så har Gud ein vilkårslaus kjærleik til oss, men det er sat nokon klare rammer for seksuelt samliv, seier han.

I Tro & Medier har dei, ifølgje Lundh, eit standpunkt som hengar saman med Cape Town-erklæringa til Lausanne-nettverket. Det går tydeleg ut frå fyrste Mosebok si setning «som mann og kvinne skapte han dei».

– Eg adresserer det heilt i starten og startar seminaret før fallet og kva Guds formål var med oss menneske. Der var det éi kvinne, éin mann, eitt ekteskap. Det seksuelle samlivet er mellom ein mann og ei kvinne. KPK