Meny 2

Egyptisk pastorpar kjem til Emblem Bedehus

Søndag kveld får Emblem bedehus besøk frå Egypt, i regi av Åpne Dører. Pastor Fawzi Khalil bur til dagleg i Kairo, og er pastor i Midtøstens største evangeliske kyrkje. Saman med kona Haydi Wahib vil han dele frå kristenlivet i Egypts hovedstad.

Kai-Even Bjørdal, pastor på Emblem bedehus var tidlegare i år på besøk hjå denne menigheita og gler seg til søndag.

Pastor Khalil er leiar for det utadretta arbeidet til menigheita, og er særleg engasjert i arbeidet blant MBB (Muslim Background believers). Fawzi har også i fleire tiår vore involvert i internasjonalt misjonsarbeid, og kona hans, Haydi, har drive nødhjelpsarbeid blant flyktningar i Irak. Denne kvelden blir derfor ei unik muligheit til å få innblikk i det store som skjer utanfor vår del av verden! Talen vil bli tolka.  Robert Tjomlid med fleire vil delta med song og musikk, forel Kai-Even Bjørdal. Du høyrer intervjuet her:

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF