Fast givar kampanje A5I 2017 håpar Radio Sunnmøre på ei meir stabil inntekt, og utfordrar dermed sine lyttarar til å bli faste givarar. I år håpar vi på 500 nye faste givarar som gir minimum 200 kroner til Radio Sunnmøre kvar månad.

Kvart kvartal trekk vi ein vinnar av ein Pinell Supersound DAB/DAB+/FM – radio av dei nye faste givarane. Dersom du allereie er fast givar og ynskjer å auke ditt beløp, så er du og med i trekninga. Beløpet må vere på minimum 200 kroner kvar månad.

-Dette vil gje oss ei meir stabil inntekt, og vi slepp å spør om pengar heile året. Det vil avlaste oss som arbeidar i radioen, og det vil avlaste lyttarane, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

-Vi ynskjer å gje lyttarane ein radio med kvalitet, ein radio med eit unikt innhald og ein musikk ein sjeldnare høyrer andre stadar. Vi ynskjer å inspirere, engasjere og vere trusbyggjande gjennom det vi sender av intervju, andakter og musikk. Håpar at lyttarane våre set pris på dette, legg Vartdal Espelund til.

Ynskjer du å bli ny fast givar, eller auke ditt beløp, så kan du ta kontakt med Radio Sunmøre på tlf: 70154100, eller nytte skjemaet som er vedlagt her. Det må sendast inn med underskrift til adressa nederst på arket.

Skattefrådrag for gåver i 2017 er auka til kr. 30.000,-

-Vi er enormt takksame for alle gåver som kjem inn til Radio Sunnmøre. Det er inga hemmelegheit at utan dei hadde vi ikkje vore på lufta, avsluttar dagleg leiar.

Fast givar skjema her: