30.oktober troppa 300 menneske opp på torget i Ålesund sentrum for å støtte forfulgte kristne. I oktoberkulda ein måndag kveld varma hundrevis av faklar ekstra godt.

Organisasjonen Åpne Dører sto bak det tverrkyrkjelege arrangementet, som starta med song av ungdomskoret Respons, opprop og appell. Sjølve fakkeltoget vart ei lang strime av lys gjennom mørke sentrumsgater, og fleire uttrykte at det var enkelt og godt å kunne stille opp på denne måten.

-Vi har det så godt her i Noreg, og då var det ikkje vanskeleg å kome seg ut av stova og stå opp for søskena våre som har det mykje vanskelegare enn oss, uttrykte nokre av dei som gjekk i fakkeltog. Endestasjonen var Ålesund kyrkje.

I kyrkja heldt Ester frå Open Doors International tale, og serverte sterke historier om enkeltmennesker som opplever å bli plaga, torturert og fengsla fordi dei nektar å gi slepp på trua på Jesus.

Det var også mykje song og musikk, og ei sentral forbønshandling.

Høyr Radio Sunnmøre sin reportasje frå fakkeltoget 2017 her: