30 oktober skal det arrangerast fakkeltog i Ålesund. – Ei unik muligheit til å få ta engasjementet for dei forfulgte kristne ut i det offentlege rom, seier Olaug Bjørke frå Åpne Dører.

Årets tema for fakkeltoget er: Totalitær nasjonalisme knebla trusfriheita 

-I fakkeltoget vil vi stå saman som kristne og gå saman for dei forfulgte kristne i verda.  Det er 10 årsjubileum for dette fakkeltoget i Norge og det blir stadig fleire byer som arrangerar. Sist år var det første gong i Ålesund og over 400 mennesker deltok, det var nesten mest i landet, berre slått av Oslo.

 

Ungdomskoret Respons og Pastor i Emblem Bedehus, Kai Even Bjørdal deltek. Det gjer og «Ester», ei som har vore mykje involvert i sentralasia og ho blir tolka av Ole Lilleheim.