År etter år blir Nord-Korea rangert som det farlegaste landet i verda å leve som kristen i. På Åpne Dørers forfølgelsesliste (WWL) har landet også i 2017 den lite ærefulle førsteplassen. Kristne risikerer arrestasjon, tortur, fengsel og død fordi dei trur på ein høgare autoritet enn nasjonen sin leiar og forfedrene hans.

I dette programmet får du høyre om Åpne Dørers arbeid inn mot Nord-Korea. Du får også møte ei modig kvinne, i teneste blant nordkoreanske kvinner som har flykta over grensa. Med livet som innsats tener «Hwa Yong» Gud og forfulgte søsken på ein av dei farlegaste stadane i verda. Mot slutten av programmet les Olaug Lillian Bjørke eit brev frå ein nordkoreansk kristen, med overskrifta: «Til våre søsken i den frie verda: Herren er vår hyrde». Du får også lytte til Kerysso som syng «Kom til Jesus».