Dei tre foredragshaldarane – Hallgrim Berg, Aud Johanne Kvalbein og Filip Rygg. Temaet for årets Hauge-seminar var korleis kristne verdiar skal kunne få større gjennomslagskraft og påverke samfunnet i framtida.

Torsdag 19.oktober fann det 8. Hauge-seminaret stad i Fosnavåg, i ei fullsett Herøy Frikyrkje.
Temaet for årets utgåve var korleis kristne verdiar kan påverke samfunnet i framtida.

Ei lydhøyr forsamling lytta til det foredragshaldarane Aud Johanne Kvalbein, Filip Rygg og
Hallgrim Berg hadde på hjertet, og ikkje minst til Per Sævik og Per-Arne Lillebø, som saman
var programleiarar. Begge sit i styret for eit tiltak som vidarefører tankegods frå Hans Nielsen
Hauge og rørsla hans, og endå ein gong kunne dei smile over solid oppmøte.
På spørsmålet om kvifor tiltaket år etter år samlar så mange, svarar initiativtakar Sævik dette:
– Kvart år har vi ein diskusjon om kva som skal vere årets tema. Vi er opptekne av at dette skal
engasjere.

Årets tema til Hauge-seminaret var altså korleis kristne verdiar skal påverke samfunnet i framtida.
Det var Aud Johanne Kvalbein – tidlegare KrF-politikar – som fekk ordet først av dei inviterte
talarane. Kvalbein var 12 år gammal då ho i ein historietime på skulen fekk høyre om Hans Nielsen
Hauge for første gong. Det gjorde sterkt inntrykk på henne å få lære om livet hans og det han brann
for. Lekmannspredikanten sette svært mykje på spel for å spreie Guds ord.
Kvalbein meiner at dei kristne grunnverdiane er viktige både som fundament og rettesnor for korleis vi
lever liva våre, og til liks med dei andre foredragshaldarane refererte ho til Nielsen Hauge sitt uttrykk
"ånd og hånd", der historia har vist at han var ein pionér, og at rørsla han stod bak enno lever – om enn
i ei litt anna form enn den gongen han sjølv reiste rundt i landet og talte.
– Korleis kan vi gjere dei kristne grunnverdiane meir synlege, og at dei får større oppslutning i eit
samfunn som dei siste åra har vore prega av meir og meir sekularisering? Jau, vi treng trygge
arbeidsplassar. Vi må dessutan bry oss om kvarandre og ta vare på kvarandre. Vi må kome einsemda
til livs – dette er blitt eit stort samfunnsproblem, uttrykte Aud Johanne Kvalbein. Ved å vise omsorg
for kvarandre vil vi også synleggjere dei kristne verdiane, var hennar viktigaste bodskap.

Neste talar var Filip Rygg – ein ung, kristen entreprenør som i sitt daglege arbeid i Stiftelsen
Skaperkraft mellom anna hjelper fram gründerverksemd og lagar møteplassar for kreative sjeler som
vil skape deira eigen og andre sin arbeidsplass.
Rygg vil at vi, alle som ein, skal spørje oss sjølve kven det er i våre nettverk vi kan utgjere ein forskjel
for. Når vi snakkar i lag og hjelper kvarandre, så blir resultatet som regel bra. Rygg er også oppteken
av å tenke på lang sikt – med lang tidshorisont er alt muleg. Men vi skal aldri vente med å begynne på
oppgåvene. Dersom til dømes aktiv dødshjelp blir vedteke om 20 år, så er det i dag slaga står. Vi må
med andre ord engasjere oss her og no.
Stiftelsen Skaperkraft har også teke opp tema som moderne slaveri og menneskehandel.
– Ordet «menneskehandel»  eksisterte ikkje i lærebøkene inntil for kort tid sidan, men ved å kontakte
forlaga som gir ut lærebøker fekk vi endra på dette, fortel Rygg, som meiner kunnskapsspreiing som
dette er viktig for å kunne auke bevisstgjeringa til den enkelte ungdom som veks opp i dag.
– Dette handlar om vår felles framtid. Barn og ungdom er morgondagens leiarar og styrande i landet
vårt.

Per Sævik uttrykte særskilt takksemd til foredragshaldar Rygg – fordi han hadde steppa inn på kort
varsel, og for at han i sitt daglege arbeid jobbar med å spreie kristne grunnverdiar til folket. Det er
særs verdifullt for samfunnet at unge entreprenørar og gründerar får vilkår til å utfalde seg og starte opp

verksemder, som igjen vil kunne gi arbeidsplassar til fleire. Per Sævik viste til at Hans Nielsen Hauge  skapte meir enn 6000 arbeidsplassar i Norge i tidsrommet 1797 til 1804 –før dei mange
fengselsopphalda – med sine nye idear og unike entreprenørverksemd.
– Sjølv er eg vaksen opp i ei tid der vi såg på arbeid som ei velsigning, sa Sævik, som også la vekt på
at vi må kjempe for den kristne trua.
– Vekkelse skaper engasjement, ikkje minst i arbeidet vårt. "Ånd og hånd" går hand i hand, repeterte
den kristne samfunnsbyggjaren og herøymannen, som meiner dette er like aktuelt i vår tid som det var
for 200 år sidan.
– I dagens velferdssamfunn har vi tapt litt av begge verdiane. Eg er mellom dei som er bekymra for at
det kristne fundamentet er i ferd med å bli bygt ned. Begge berebjelkane er viktige for oss. Det kristne
verdigrunnlaget har vore viktig for utviklinga av Norge. Vi kan ikkje fjerne dei kristne verdiane utan at
dette får store negative konsekvensar for det norske samfunnet, påpeika Per Sævik.

Den tredje innleigde talaren, Hallgrim Berg – forfattar, samfunnsdebattant og tidlegare
stortingspolitikar for Høgre – sa at det har blitt stadig vanskelegare å nå fram med dei kristne verdiane,
og han skulda både media og kyrkja for ikkje å vere tilstrekkeleg kritiske mot «islamiseringa», som
han kalla det, som skjer – ikkje berre i Norge, men i heile Europa.
– Eg ønskjer sekulariseringa og den botnlause likesæla til livs! Europa har stagnert; vi er nede i
kneståande.

– Det blir fleire og fleire muslimar, og vi er blitt likesæle omkring vår eigen kultur og vår eiga tru.
Dette kan jo ikkje få halde fram. Kristne må sjølve stå opp og kjempe for verdiane vi trur på – vi må
bruke media og ulike arenaer til å setje desse tinga på dagsorden.
Berg viste til Hans Nielsen Hauge, som mellom anna kjempa for kvinnene sine vilkår, for
ytringsfridom og forsamlingsfridom.
– Dersom vi er likesæle og kastar slike viktige verdiar på dynga, då trur eg vi går ei uviss og dyster
framtid i møte.

Då Hallgrim Berg var i ferd med å avslutte talen sin, spurde han Sævik om han fekk fortelje dei
frammøtte om det første møtet dei to hadde på Stortinget. Det fekk han. Berg uttrykte at den nye
sunnmøringen på tinget såg litt bortkomen ut; derfor hadde Berg gått bort til Sævik for å få vite korleis
det gjekk med han. Det blei ikkje så mykje prat.
– Nei, eg må sjå til å kome meg heim til Sunnmøre, så eg får gjort viktigare saker, var svaret.
Dei frammøtte responderte med latterbrøl. Per Sævik humra også godt av denne episoden. Etterpå
takka han kvar enkelt foredragshaldar og oppsummerte med dette kvelden, for så å bli avløyst av Per-
Arne Lillebø, som nytta høvet til å spreie endå ein dose kristen bodskap til publikum.

Pianist Bjørnar Hovlid og Gospelkoret frå Ulsteinvik, under direksjon av Einfrid Grindheim, både
starta og avslutta seminaret. Desse sytte for lun og god stemning i frikyrkja gjennom deira flotte
musikalske bidrag.
– Vi er både overraska og glade for at også dette Hauge-seminaret samla fullt hus. Dette viser at der er
behov for denne typen kulturtiltak. Samlingane knytt til Hans Nielsen Hauge, der vi lyfter fram «ånd
og hånd», er enno godt besøkt, fordi tematikken framleis er høgaktuell. Idéane og tankane – om hans
kristne tru og forretningsdrift – har vist seg å vere tidlause og universelle, seier Per-Arne Lillebø, som
let seg imponere over at Hauge som ung mann følgde kallet frå Gud, og reiste rundt omkring vårt
langstrakte land for å fortelje folk om leveveg og vegen til frelse.

Gunnar Wiik