Randi Fagerhol Lauvås leiar i Imf-UNG Sunnmøre

Imf-Ung Sunnmøre skal mellom anna arrangere Barnekorfestival og fleire leirar no i dei næraste vekene. I tillegg byr 2017 på nytt barneopplegg som heiter Awana.

Barnekorfestival

Nok eit år er det fulltegna på Barnekorfestivalen til Imf-Ung Sunnmøre. Neste helg samlast 70 born og leiarar frå heile Sunnmøre for å bli inspirerte, fortel Lauvås. – Dette året er det Vidar Åsebø  og nokre ungdomar frå Ålesund Soulteens som skal vere instruktørar. Og på søndag 22 januar på Blindheim Bedehus vil festivalkoret synge, så då får vi høyre frisk og god song og der er alle velkomen.

Leir

Leirarbeidet er ei viktig grein i barne og ungdomsarbeidet for Imf-Ung. Og i februar skal det arrangerast 3 leirar, informerar Lauvås. – Vi begynner med Wintergames på Orreneset 3-5 februar, det er frå 5-7 klasse, 2 helga i februar 2-4 klasse på Brusdalsheimen og vi avsluttar februarleirane med 8-10 klasse på Orreneset med skiweekend.

Awana

Det er store nyheiter på gang når det gjeld barne og ungdomsarbeide for Imf-Ung Sunnmøre. Indremisjonsforbundet har inngått eit samarbeid med Awana, som er eit undervisningsopplegg som kjem frå USA. Undersøkelser visar at 90 % som har fulgt dette fra born til ungdom blir bevart som kristne, seier leiaren for Imf-Ung Sunnmøre, Randi Fagerhol Lauvås

-Det skal vere ein stor konferanse 18.februar på Fredheim i Sandnes og då håper vi mange vil vere med frå lokale foreininger, vonar Lauvås.

Du høyrar intervjuet her: