Illuststrasjonsfoto Colombia

Illuststrasjonsfoto Colombia

I vekas program tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Colombia. Du får høyre om utfordringane som våre kristne brødre og søstre står overfor i dette landet, særleg frå illegale, væpna grupper. Men også i desse gruppene skjer det at menneske møter Jesus, og ein av desse får du høyre vitnesbyrdet til i dagens program. Sebastian vart rekruttert inn i Den nasjonale frigjeringshæren som barn, og han hata alt som hadde med kristne og evangeliet å gjere. Heilt til Jesus møtte han, og alt blei forandra. Lytt til det sterke vitnesbyrdet hans, og stå med i bønn for Sebastian og familien – ja for alle kristne søsken i Colombia. I programmet får du elles høyre Kari Aske Osnes sin song: «Jesus min rustning», av songgruppa LaKris.