Møre barne-og ungdomsskule Skodje kan sjå fram til ein hektisk haust. Elevtalet vil auke med 40 prosent og det må vere eit godt teikn, seier rektor Ingrid Kvam Steinshamn.

Skulen som starta opp hausten 2015 med 40 elevar, vil frå hausten huse 90 elevar! Kva auka kjem av er rektoren litt usikker på, men det gode rykte som Møreskulane har tilegna seg, hjelper på seier ho. – Og så var det nok modent for ein privatskule i området. No har vi elevar frå Haram, Ørskog og Ålesund kommune, fortel Ingrid Kvam Steinshamn.

Ein av grunnane til auka er og at dei dette året ikkje har ei avgangsklasse. Så derfor er det litt voldsom vekst no.

 

Du høyrer intervjuet her: