norske-flagg

Radio Sunnmøre gratulerer med dagen og ynskjer deg ein rik og velsigna dag!

Gud signe vårt dyre fedreland
 
 Gud signe vårt dyre fedreland,
 og lat det som hagen bløma.
 Lat lysa din fred frå fjell til strand
 og vetter for vårsol røma.
 Lat folket som brødre saman bu,
 som kristne det kan seg søma.
 
 Vårt heimland i mørker lenge låg,
 og vannkunna ljoset gøymde.
 Men, Gud, du i nåde til oss såg,
 din kjærleik oss ikkje gløymde,
 du sende ditt ord til Noregs fjell,
 og ljos over landet strøymde.
 
 Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
 me fåfengt på huset byggja.
 Vil Gud ikkje verja by og land,
 kan vaktmann oss ikkje tryggja.
 Så vakta oss,Gud, så me kan bu
 i heimen med fred og hyggja!
 
 No er det i Noreg atter dag
 med vårsol og song i skogen.
 Om sædet enn gror på ymist lag,
 det brydder då etter plogen.
 Så signe då Gud det gode såd
 til groren ein gong er mogen.