Dette er orda til Pastor Simon* i Syria. Vi høyrer stadig om menneske som vel å forlate landet, men Simon har bestemt seg for å bli verande, som eit lys i mørke. Trufast tener han Gud og sine medmenneske i Syria, både åndeleg og praktisk.

Men det er ikkje enkelt. Døtrene hans spør nesten dagleg om ikkje dei også kan forlate landet. Framtidsutsiktene er dystre, og det er trist å stadig måtte ta farvel med vener. Samtidig som mange reiser frå landet og kyrkjene, er det også mange som finn vegen inn i det kristne fellesskapet. Fleire av desse nye kristne har muslimsk bakgrunn. Pastor Simon føler ansvar for å tene desse nye truande. I krevjande tider hentar han mot og styrke frå Herren: «Eg veit at Gud har kontroll, trass smertefulle opplevingar. Men nokon gongar er det som om han arbeider bak eit forheng…»

Du får høyre Jarle Waldemar og Synnøve Økland Schøld som syng «Hjerteslag» av David A. Østby. Mot slutten av programmet deler vi Pastor Edward sitt vitnesbyrd. Han har ei urokkeleg overbevisning om at dei som kristne har ei oppgåve i Syria – å vere ambassadørar for himmelen og spre Kristus sine himmelske verdiar! Vil du vise dei at du står på deira side? Bli med og signér  «En millioner stemmer»