Berre ei heilt vanleg veke i april der vi oppfordrer ungdom og andre til å spre godhet der dei er. Det seier Kristina Ulla, trainee og Ruben Bergseth frå Laget, om Godhetsuka som skal vere i april.

-Gud er god og vi vil vise det til andre. Det er vårt håp og bøn at mennesker får møte Gud gjennom denne aksjonen, fortel Ulla.

Målet er å starte ein godhetskultur mellom unge og ein godhetsbevegelse på studiestadar og skular rundt om i Norge. Laget har merka ein ekstrem respons, seiar Ruben Bergseth.

Laget har rundt 200 skulelag, og saman med Ny generasjons har dei dette året gått saman om å spre Godhetsuka til skulane rundt om i Norge

Før jul tok gjengen på Spjelkavik VGS tak og hengte opp  lappar med oppmuntrande ord og ein twist rundt på litt tilfeldige skap på skolen. I Volda var det 3 elevar som kjøpte inn såpe og fylte på såpedispensarar som hadde stått tome i lange tider.

-Det skal ikkje handle om responsen, men ynskje om å gjere gode ting for andre, seier Kristina Ulla. Og dei oppfordrar også voksne til å vere med på dette, på arbeidsplassen eller i sin kvardag ellers.

Dette starta med elevane på skulen, om det er berre ein kristen elev så kan han også vere med på dette, seier Kristina Ulla.

Godhetsuka 2017 arrangerast 24-28. april.