Pastor Edward og Raana.

Pastor Edward og Raana.

I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Syria. Du får eit innblikk i Åpne Dørers arbeid i landet gjennom deira nøkkelpartnarar, Pastor Edward og kona Raana i Damaskus. Pastorparet besøkte Norge i fjor haust, og kanskje var du ein av dei som fekk lytte til deira sterke bodskap? Mot slutten av programmet får du også ei viktig oppfordring frå leiaren i det syriske bibelselskapet, George Andrea: «Be for oss!» Nyleg var han intervjua i avisa Dagen, der han fortalte om kvardagen i Aleppo, ein av verdens mest krigsherja byar. «Livet er hardt og det er farleg, men vi merker Guds nærvær i kvardagen. Vi er totalt avhengige av Han. Han er den einaste løysinga. Fortsett å be. Det er det viktigaste de kan gjere for oss». Husk på dine kristne søsken i Syria; Edward, Raana, George og alle dei andre truande som står fast og tener Gud og medmenneske midt i krigen.