Margunn Serigstad Dahle er førstelektor ved NLA

Margunn Serigstad Dahle er førstelektor ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen. Foto: Kjetil Fyllingen

 

 

 

 

 

 

 

Flisnes barneskule har ein årleg tradisjon med å markere dei ulike årstidene og høgtidene i kykjeåret. Dette skriv dei i eit brev til elevar og foreldre ved skulen i anledning at pinsa nærmar seg.

I den anledning skal borna 22. mai få velje mellom å gå på høgmesse i Spjelkavik kyrkje, eller å vere med i ei gruppe som skal filosofere i naturen. I filosofigruppa skal elevane få førebu seg, filosofere og få framføre det dei har oppdaga.

– Dei som ikkje ynskjer å delta i det som har med religion å gjere, eller religiøse utøvingar, sei skal få muligheit til å velge, fortel rektor ved Flisnes barneskule, Bjørn Sveås.

Han svarar også ja på spørsmål om at desse to alternative er livsynsnøytrale.

Ingen kan vere livssynsnøytrale

– I utgangspunktet er eg oppteken av at ingen av oss kan vere nøytrale når det gjeld livssyn, seier Margunn serigstad Dahle. Ho er førstelektor ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, og underviserblant anna i Kommunikasjon og Livssyn.

– Det er trist at filosofi og gudsteneste blir sett opp mot kvarandre. Eg sit ofte og filosoferer under gudstenestene, fortel Dahle.

Høyr intervjuet med Sveås og Dahle her: