heitmann

Jesus er ein omstridt jøde blant det jødiske folk, fortel Rolf Gunnar Heitmann, Generalsekretær for Den Norske Israelsmisjon. Denne helga talte han på kretsårsmøte på Kjeldsund.

-Vi ser det annleis, vi vil jo gjerne understreke at Jesus er jødenes Messias.

Den Norske Israelsmisjon er 100 år eldre enn staten Israel, og namnet viser til Bibelens utrykk for det jødiske folk. Heile verda er arbeidsområde til misjonsorganisasjonen, men hovedtyngda av arbeidet i dag skjer i Israel.

Evangeliet om  Jesus er ein bodskap til jøder

-Mange jøder opplever misjon som eit overgrep, men for oss er det viktig å understreke at evangeliet om Jesus er ein bodskap primært til jøder, seier Heitmann.

På tross av motstanden er det stadig fleire jøder som tek imot Jesus som sin frelser og blir døypt. Dei kallar seg sjølve messianske jøder og bakgrunnen for det er at Jesus er deira Messias som bibelen fortel om.