I dette programmet frå Åpne Dører får du eit intervju med Stig Magne Heitmann, fagleg leiar i Åpne Dører. Akkurat no er han i ferd med å skrive ei ny bok, som blir utgitt komande haust.

I dagens program får du ein smakebit på noko av innhaldet. Mange i Europa kjenner i dag på redsel for den store innvandrings –  og flyktningebølgja frå Midtausten. Dei kjenner på frykt for islamisering av kontinentet, at haldningar frå framande kulturar skal få innpass og true vår demokratiske, kristne og humanistiske arv. Aller mest fryktar ein for terror og vold.

Men midt i dette ser vi eit anna fenomen, som media oftast er tause om. Nemleg at kristendommen gjer comeback i Europa, og dette takka være konvertittar med muslimsk bakgrunn! Eit aukande antall muslimar frå land som Syria, Irak og Afghanistan, kjem til tru og bles liv i kyrkjer som i lengre tid har kjempa i motvind.

Lytt til det Stig Magne deler frå turen til Berlin denne våren, og bli inspirert! Lytt også til det han fortel om sitt møte med Hamed frå Afghanistan; han er ein av mange muslimar som er blitt funnen av Jesus – og som i dag fører andre muslimar til tru.