Norway Seaman´s Mission er Den indre Sjømannsmisjon sitt arbeid blant utenlandske Cruiseskipmannskap. Dei hjelper mannskap på cruiseskip til å mellom anna få kontakt med familien. For å hjelpe alle treng dei fleire frivillige, seier Andre Sætre, misjonssekretær i Den Indre Sjømannsmisjon.

Norway Seaman Mission har 5 stasjoner i Norge: Oslo, Stavanger, Skuteviken og Betlehem i Bergen og i Ålesund. Dette er eit velferdsarbeid og eit evangeliserings- og misjonsarbeid.

Mannskapet har ofte ei kontrakt på 8-10 månader og internett er dyrt ombord på båten, så når vi kan gje dei gratis nett så blir det satt stor pris på. I tillegg gjer vi dei kaffi og te, vafler og kaker og prøver å gje det heimekoseleg, fortel Andre Sætre

I fjor hadde dei innom personar frå 60-70 nasjonar. Dei opplever stor pågang og treng fleire frivillige til å hjelpe.

Du høyrer intervjuet her: