ny cd marit og ireneI sommar kom Marit & Irene med ny cd, Der roser aldri dør. Til helga skal dei spele inn musikkdvd til songane.

I helga skal sangduoen Marit & Irene spele inn ein ny musikk-dvd på Alnes på Sunnmøre. Det er andre gongen at songevangelistane lagar ein musikk-dvd, og ser fram til å kunne gjere det igjen.

– I helga får vi besøk av ho som produserte den første og einaste dvden med songprogram som vi har laga, då for fjorten år sidan, fortel Irene Krokeide Alnes til Radio Sunnmøre.

14 år sidan sist

Det er fjorten år sidan forrige innspeling av musikk-dvd for evangelist-duoen Marit & Irene. Så det var litt fram og tilbake om dei skulle gjere det igjen.

– Eg har ein mann som får sagt det, og han sa ein dag: – Irene, du må huske på at du og Marit ikkje blir finare enn dokke er no, så visst dokke vil synge inn ein dvd så må det gjerast no, fortel Irene lattermildt.

Gode tilbakemeldingar

Duoen har fått mange gode tilbakemeldingar på den fyrste musikkvideoen dei laga for fjorten år sidan.

-Det er veldig kjekt å tenke på alle som har gitt tilbakemelding på den første videoen med songprogram. Det er ein del som har gitt tilbakemeldingar på korleis songane har hjulpe dei. Det å høyre songane og sjå bileta har roa dei som er urolege. Det er gledeleg å tenke på at Jesus kan bruke Ordet sitt og songen om Han, seier Krokeide Alnes til Radio Sunnmøre i serien Kvardagspraten.