Den nye katalogen til Plussreiser.

Den nye katalogen til Plussreiser.

Ny katalog for reiser til våren er klar for påmelding frå det nydanna selskapet Plussreiser. Det er Si-Reiser, Ravinala og Sabra fokusreiser som har gått saman til selskapet Plussreiser. I den nye katalogen vil ein merke ei større breidde over turar ein kan reise på. Selskapet går også meir digitalt for å få plass til alle turane i katalogen.

-Vi ynskjer å gå meir digitalt. Så i katalogen vil ein få smakebitar av nokre av turane, og går ein inn på vår nye nettside vil ein der kunne få lese meir om kvar enkelt, fortel dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne.

Ho legg også til at om ein ynskjer å lese meir om turen på papir kan ein ta direkte kontakt med Plussreiser og få det tilsendt i posten.

Nye reisemål

Plussreiser satser på nokre nye turar til våren, nye reisemål og nytt reisepersonale.

-Det vil vere nokre nye ansikt i katalogen, i og med at vi er tre selskap som har gått saman til eitt. Og vi ser også at reisande no søker meir opplevingar enn avslapping, seier Kindrevåg Halsne, om nokre av turane som er forma etter dette. Både vandreturar og opplevingsturar vil ein kunne velje mellom.

-Ein ny tur er påsketur til Spania for å sjå Jesu sitt hodeklede, den er med Oddvar Søvik og Liv Kalland Fjellstad. I tillegg er det blant anna tur til India i påska, legg Kindervåg Halsne til.

For meir informasjon om turane finn du den nye katalogen på Plussreiser.no frå 1.november. Dersom du ynskjer katalogen i posten ringer du tlf: 70179000.

Høyr heile intervjuet med Aud Kindervåg Halsne her: