Program produsert av Radio Sunnmøre:

Ord til Ettertanke:

Ulike andaktshaldarar sei nokre ord til ettertanke på rundt fem minutt. Ei ny andakt kvar dag mandag til fredag. Sendast kl. 0900 og kl. 1700, i tillegg sendast alle fem andaktene søndag kl. 2200.

Åpne Dører:

Eit program på 15 minutt laga av Olaug Bjørke med gjestar og musikk. Sendast i Kaffipausen kl. 1200 annakvar onsdag, og i Kveldstimen kl. 2100 annakvar torsdag.

Kommentar frå Tro og Medier:

Ein aktuell kommentar laga av Tro og Medier annakvar veke.

Bibelpraten:

Ein prat om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss idag. Ny del kvar onsdag.

Barnevakten:

Intervju med Barnevakten om aktuelle tips og råd når det gjeld vaksne og barn/ungdom innmot media, sosiale medier og spel.

Kvardagspraten med Marit&Irene:

Ein prat med Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes kvar tysdag om arbeidet dei står i akkurat no.

NOKRE AV VÅRE SERIAR:

Du finn fleire av våre seriar her på våre nettsider. SKAPELSEN er ein serie i 14 delar kor Arild Ove Halås underviser om temaet Bibelen og naturvitenskapen. KORLEIS BLI EIN KRISTEN er ein serie kor Ragnhild Kristine Vartdal Espelund og Irene Krokeide Alnes samtaler om korleis du kan bli ein kristen, og kva det vil seie å vere ein kristen. I serien KRISTNE KIRKER OG TROSSAMFUNN presenterer vi over 20 ulike kyrkjesamfunn ved at vi har en gjest fra de ulike menighetene med oss i en samtale.

NYTT FRÅ JERUSALEM OG MADAGASKAR:

Te’ena Ben Haim er opprinneleg frå Rogaland men bur no i Jerusalem saman med familien sin. Kvar tredje veke tek vi ein prat med henne om kvardagslivet i Israel.

Johanne Leinebø er sentral i arbeidet med å oversettje Bibelen til ulike stammespråk på Madagaskar. Vi snakkar med henne omlag ein gong kvar månad og får følgje både dette arbeidet og får oppdateringar frå den store øya på austkysten av Afrika.

program produsert av p7:

Vindu mot livet.
Eit andaktsprogram på 20-25 minutt av John Hardang og repriser av Ola Bjorland.

Veien gjennom Bibelen:

Eit andaktsprogram på cirka 15 minutt.

Sanger vi aldri glemmer:

Eit program på cirka 15 minutt med tale og song, songar med ei historie.

Irenes kvarter:

Irene Krokeide Alnes deler sine tankar, eit program på 15 minutt.