portable-radio-413732_1280

 

 

 

 

 

 

– Det stemmer ikkje heilt, seier Ivar Eiken, formann i Kristen Radioforum, om sløkkinga av FM på Sunnmøre i 2017 som Sunnmørsposten skreiv om mandag 18. mai.

Dei statseigde kanalane, deriblant NRK, skal sløkkjast frå FM i 2017, og gå over til DAB. Når det gjeld nisjeradioar som Radio Sunnmøre vil dei halde fram også etter 2017.

Nyleg var ei stortingsmelding om rammevilkåra for lokalradioane i samband med digitalisering av radiomediet oppe i Stortinget. I meldinga står det at lokalradiokonsesjonane som held fram på sendenettet FM etter 2017, blir forlengda med fem år fram til 31. desember 2021.

Radio Sunnmøre vil dermed framleis vere å høyre på FM fram til 2021. Det er enno ikkje nokon som har bygd ut DAB for nisjeradioer på Sunnmøre, så fram til det vert gjort så blir Radio Sunnmøre på FM og webradio.

Ei anbefaling til alle er ha å ein radio der ein både kan høyre webradio, FM og DAB. Då er ein sikra.

Høyr intervjuet med Ivar Eiken her: