Meny 2

RadioGiv 2015 gav rekordbeløp

 

Årets RadioGiv gav eit rekordbeløp til Radio Sentrum. – Eg er mållaus, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, til årets jubileumsgåve på kr. 306 000,-.

Victor Haram og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund er svært takknemlege for givargleda under årets RadioGiv.

Victor Haram og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund er svært takknemlege for givargleda under årets RadioGiv.

– Tusen hjertelig takk til alle som har bidrege økonomisk, på dugnad og som lyttar under RadioGiv 2015, det har vore over all forventning, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Jubileumsmål

Radio Sentrum hadde satt eit jubileumsmål på kr. 300 000,- under årets RadioGiv. Det samla beløpet kom på kr. 306 000,-. Dette vart samla inn under 16 direktesendte timer.

– Vi hadde nokre tekniske utfordringar under sending onsdag, men vi var på lufta. Det som var leit var at Bygderadio Vest låg nede med sine sendingar heile onsdagen, så der gjekk mange lyttarar glipp av dei flotte gjestane vi hadde, seier dagleg leiar.

– For dei som har internettradio var det mogleg å få med seg sendingane likevel. Og det viste seg at det var folk både elles i Noreg og ute i den store verda, som fekk med seg RadioGiv via internettradio, fortel dagleg leiar.

 

Høyr krinsleiar Johan Halsne om RadioGiv2015:

 

      RadioGiv 2015 - By Victor

 

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF