RadiolotterietDet var nerver i studio då vi trekningsdagen starta morgonsendinga med seksti uselde loddark. Etterkvart som timane gjekk vart det eine etter det andre arket selt. Og då direktesendinga på kvelden kl.21.00 starta, der trekninga skulle foregå, var det berre tre uselde loddark att. Det tok ikkje mange minutta før dei var utselde, og ein kunne juble for at lotteriet gjekk med den inntekta ein håpa for Radio Sunnmøre.

Det var då budsjettet skulle leggast i starten av året ein fann ut at ein burde auke inntekta på årets lotteri. Rett i underkant av kr. 200 000 er samla inntekt frå årets loddsal, noko både staben i Radio Sunnmøre, styret og økonominemda er svært takksame for.

– Eg er svært imponert over alle som fylgjer oss og er så gode støttespelarar i dette arbeidet. Det hadde absolutt ikkje gått utan. Vi har hatt fleire hundre telefonar frå lyttarane dei siste fire vekene loddsalet har pågått, og det har vore svært hyggeleg å få snakke med lyttarane som set pris på jobben vi gjer, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

– I tillegg må eg takke økonominemda som har gjort ein fabelaktig innsats å skaffe desse nitten utruleg flotte gevinstane til lotteriet,  og det på frivilleg innsats. Tusen takk til alle dei som også har sponsa oss med gevinstane, legg Vartdal Espelund til.

Vinnarane av årets Radiolotteri er:

  1. Stressless m/skammel i svart skinn – Arnhild Sjeggestad, Ellingsøya
  2. Reisesjekk frå Si-Reiser – Haldis Kjerstad
  3. Gåvekort frå J.R.Sunde  kr.6000, –  – Betty Sviggum, Eidsnes
  4. Gåvekort frå J.R.Sunde  kr. 4000,-  – Odd Jarle Støbakk, Godøy
  5. Hardangerbestikk  – Solborg Brandal, Skodje
  6. Le Creux emaljert gryte – Mary Stige, Ålesund
  7. Kontorstol frå Helseth Interiør – Reidun og Ole-Bjørn Frøystad, Bølandet
  8. Gåvekort frå Nordstrand VVS – Kirsti Enkrog, Skodje
  9. Hardangerbestikk – Fam. Jon Einar Sunde, Klepp
  10. Glass og Ramme, gåvekort innramming – Gunvor Stige
  11. Saueskinn – Marit Opskar, Skodje
  12. Saueskinn – Marita Flydal, Emblem
  13. Gåvekort frå XL- Bygg Roald kr. 1000 – Eva Giske, Ellingsøy
  14. Leiketraktor – Anne Bjørg Moldskred, Hareid
  15. Redningsvest – Hans Petter Kalvø, Fiskarstrand
  16. Redningsvest – Dag Kristoffer Djupvik
  17. Kurv med heimelaga saft, sylte, plommer – Arvid Lukkedal, Emblem
  18. Dukkesett frå Valderhaug Rørhandel – Kirsten Taklo, Ålesund
  19. Vase, Hemmersøy, frå Valderhaug Rørhandel – Liv Berit Storhaug, Skodje

Vi gratulerer alle vinnarane og takkar for innsatsen i årets Radiolotteri!!