Celine Askevold driver organisasjonen Bringhopeinafrica.com, og arrangerer støttekonsert i Spjelkavika 6. juni.

Celine Askevold driver organisasjonen Bringhopeinafrica.com, og arrangerer støttekonsert i Spjelkavika 6. juni.

 

 

 

 

 

 

 

 

I elleve år har Celine Askevold budd i Spjelkavika, saman med mannen sin.  Ho er opprinneleg frå Kenya, frå landsbyen Ongoche. Då paret Askevold var på besøk i landsbyen i 2011 såg Celine kor godt ho har det i Noreg, og at ho ynskja å hjelpe dei i frå heimstaden. Då starta ho BrinHopeInAfrica.

I fjor fekk ho og organisasjonen samla inn pengar nok til å bygge ei brønn i landsbyen, som i dag gjev reint vatn til om lag 10 000 mennesker.

Laurdag 6. juni i år skal BringhopeinAfrica arrangere støttekonsert på Spjelkavik barneskule til inntekt for å bygge ein klinikk i landsbyen i Kenya. I landsbyen er det svært mange foreldrelause born på grunn av at mange foreldre døyr av HIV/AIDS. Celina ynskjer at dei som er sjuke skal få rask hjelp ved at ho ny ynskjer å bygge ein klinikk i landsbyen.

Høyr meir i intervjuet med Celina Askevold: