Odd Asbjørn Nybø frå Skodje vart vald som ny formann i Indremisjonforbundet med 95 av 177 stemmer.

Odd Asbjørn Nybø frå Skodje vart vald som ny formann i Indremisjonsforbundet med 95 av 177 stemmer.

Odd Asbjørn Nybø frå Sjøholt vart vald som ny formann i Indremisjonforbundet med 95 av 177 stemmer.

Av 177 avgitte stemmer fekk Nybø 95 stemmer, og Geir Pollestad fekk 82 stemmer.

Nybø sitt engasjement for skulane og hans standpunkt for vidare arbeid med trussamfunnet var noko av det som vart trekt fram i forkant av valet som svært positivt. Sjølv har han tidlegare til sambaandet.no gitt sine utsagn på kva han tenker om Indremisjonsforbundet sin veg vidare.

– Om 10 år trur eg ImF er ein organisasjon med sterkare band mellom foreiningar/ forsamlingar og krets og forbund – eit indremisjonsfolk som er medvite om kvar dei høyrer til – og med eit sterkt misjonsengasjement, seier Nybø til sambaandet.no.

Også arbeidet på bedehusa har Nybø uttalt seg om før valet:

– I forsamlingsarbeidet på bedehusa er det svært viktig å ha eit godt samarbeid med alle organisasjonar som høyrer til på bedehuset. Når det gjeld trussamfunn, hadde eg svært gjerne sett at vi fekk eit bedehustrussamfunn der vi alle kunne høyre til, samtidig som vi har våre ulike hjartebarn i organisasjonane, seier Odd Asbjørn Nybø til sambaandet.no.