Meny 2

Alle er unike og fortjenar å bli sett

Det har vore skulestart denne veka og på Reiseskulen, Borgund Folkehøgskule, er over 90 elevar på plass. Rektor Sven Sæther seier han må restarte kvar haust for å gje elevane den oppmerksomheita dei fortjenar.

I vår vart det klart at Reiseskulen hadde bomma på inngangen til den nye portalen for folkehøgskulane i Norge. Ved å inkludere alle prisane for valfag og reiser kom skulen ut som ein av dei dyraste. Dette førte til at søknadstala fall massivt. Ved nærare gjennomgang av kva dei andre skulane hadde lagt ut, vart det gjort endringar som slo positivt ut for skulen.

Rektor Sven Sæther seier at no har dei lært til neste år og trur skulen kan fyllast til neste haust. Han er godt fornøgd med dei over 90 elevane som no har starta eit spennande år på Reiseskulen. Det er viktig å restarte og sjå kvar elev som unik seier han til Radio Sunnmøre.

Du høyrer intervjuet her:

Stengt for kommentarar

Laget med god hjelp fra ImF