Familien til Noemi Lopez Kalvø har mista nesten alt dei eig i Puerto Rico, etter at orkanen Maria herja der 20.september. Først ei veke seinare fekk latino-sunnmøringen kontakt med far sin, og han fortalde om krisetilstand i øynasjonen.

Noemi skulle ønske ho kunne vere i heimlandet for å hjelpe dei. Det er eigentleg umogleg å få sendt inn hjelp til landet, men Noemi har funne eit smutthol. No har ho oppretta konto, og kan sende midlar rett til si eiga søster. Søstera og svogeren, og den lokale kyrkja dei er pastorar i, vil kunne hjelpe direkte der det trengs. Ho tør ikkje stole på nokon andre, for situasjonen slik han er no får fram det verste hos mange. Kriminaliteten aukar, og styresmaktene er ikkje til å stole på. All informasjon om korleis vi kan hjelpe finn du på facebook-gruppa «Coloring Puerto Rico with love», oppretta og administrert av Noemi.

Høyr Noemi fortelje om dei hjerteskjerande tilhøva i heimlandet, frå då ho gjesta Radio Sunnmøre.

Bilete frå livebinders.com