Kjell Furnes vart 80 år i sommar. Denne veka var han gjest i serien Tru i Kvardagen – Tru i Livet. Foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

I sommar feira Kjell Furnes 80 år. I den anledning tok vi ein prat med Furnes om mykje av det han har fått vore med på i løpet av livet, i serien Tru i Livet – Tru i Kvardagen.

I 1965 då Furnes kom att frå ingeniørskulen vart han sett opp på ei politisk krinsliste som fyrste vara.

– Ein av medlemane på lista døde og eg rykte opp til fast medlem. Det drog meir og meir på seg etterkvart, og eg vart utfordra til å stille å ta på meg meir, fortel Furnes.

Lang merittliste

Furnes har blant anna vore varaordfører i Giske i perioda 1970-1971, ordførar i Giske 1972-1975, fylkesordførar i Møre og Romsdal i 1976-1979 og 1979-1983. Han vart innvalt på Stortinget frå Møre og Romsdal i 1985. Etter sju år på Stortinget, og 25 år i politikken, starta Furnes i Sunnmøre Indremisjon.

– Eg lærte mykje om folk og samfunnet, men eg fekk det ganske klart for meg dei to siste åra eg var der at eg ikkje skulle halde på med politikk resten av livet. Det vart også veldig klart for meg at eg skulle inn i misjonen i heildagsteneste. Når eg då fekk brev frå Sunnmøre Indremisjon om eg kunne ta over etter Gunnar Kjøde, så brukte eg ikkje lang tid på å bestemme meg for at det var riktig å gjere, fortel Kjell Furnes som då tok over etter Kjøde som krinsleiar i Sunnmøre Indremisjon.

Etter 25 år i politikken har Furnes aldri angra på at han slutta i politikken og starta i misjonen.

– Eg har aldri angra på at eg gjorde det eg gjorde. For eg fekk nokre rike år her på Sunnmøre. Det eg var mest spent på var forkynninga, for det hadde eg ikkje gjort så mykje, fortel Furnes om det å starte i misjonen.

Framleis engasjert

Også idag som åttiåring er Furnes svært engasjert i ulike organisasjonar og kristent arbeid.

– Eg takkar Gud kvar dag for god helse og arbeidslyst. Og eg synest det er godt å få vere med å gjere positive ting, og har i grunnen sagt ja til dei oppgåvene eg blir spurt om å ta på meg. Eg opplever det fint å vere med, seier Furnes.

I tillegg til både betalt og frivilleg arbeid, og ikkje minst kone og barn, har Furnes bygd sin eigen båt.Også idag tek han kurs i treskjering.

– Eg brukte lang tid, fortel Furnes om båtbygginga.

– Heile 1500 timar. Resultatet vart bra, legg Furnes til med eit nøgd smil.

Vart ein kristen i 1953

– I frå konfirmasjonstida var eg borte i frå Gud, men eg kjende på ein sterk lengt og uro. Men i 1953 kom det ein forkynner til Giske og det braut ut ein vekkelse blant ungdommen, og eg var ein av dei, fortel Furnes.

Det å vere ein kristen har ofte vore ei utfordring, fortel Furnes, som har vore engasjert både i politikken, i ulike styre, samt i kristne organisasjonar og i bedehusmiljøet.

– Trua har ofte vore ei utfordring i ulike miljø. Det er ikkje alltid lett å vere ein kristen politikar i dag, heller ikkje då. Det er klart at ein kjem inn i ulike miljø og utfordringar, så det er verkeleg noko å tenke over. Men eg har sett det slik at er du ein kristen, så er du det ikkje berre på bedehuset, men også utanfor bedehuset sine veggar. Så det var avgjerande for meg, at visst eg bekjente Jesus som min Frelsar, så skulle det merkast i kvardagslivet, seier Furnes til Radio Sunnmøre.

– Det har vore ei bøn og ein inspirasjon for meg å leve livet mitt slik at eg ikkje gjorde skam på Jesus, men at det var til ære for ham, fortel ein tydeleg bevega Furnes i intervjuet.

Viktig med fast forankring

I trusutfordringane har bedehuset og samhaldet der vore viktig for Furnes.

– Det har vore viktig for meg å ha ei fast forankring på bedehuset og i det kristne samfunnet. Det andre er at eg fekk ei veldig god kone som deler mi interesse for misjon, og fleire born som fylgjer etter på same veg. Det har vore ei glede og styrke å ha det fellesskapet familiært, og at vi kan gå saman på vegen i fellesskap slik, fortel åttiåringen.

Heilt til slutt trekker ein prega Furnes fram det som engasjerer han også i dag.

– Av alt viktig så vil eg prioritere det viktigaste. Og det er å forkynne evangeliet, avsluttar Furnes.