Sunnmøringen Anne-Marthe Lillebø (33) har teke eit halvt år fri frå lærarjobben ved Danielsen barneskole på Sotra utanfor Bergen for å vere volontør for Israelsmisjonen.

Eg sa til Gud at viss dette var hans vilje, så måtte ting ordne seg. Ein etter ein ting la seg til rette, og eg fekk verkelig merke at Gud hadde ein plan for meg i Israel, fortel Lillebø.

Lærerikt

Sjølv om ho saknar både elevane, medarbeidarane, forsamlinga, familie og venner, så kjenner ho at ho er på rett stad. Ho er spent på å sjå kva Herren har i vente for henne og korleis Han vil bruke henne dei seks månadene ho skal vere i Israel.

– Korleis har dette vore så langt?

Det har vore kjempespennande, lærerikt og utrulig kjekt. Eg stortrivst med å vere volontør i Immanuelkirken og kjenner meg heldig som får jobbe saman med ein fantastisk gjeng.

Som volontør er arbeidsopppgåvene varierte. Lillebø er med i lovsangsarbeidet i kyrkja, har ansvaret for barnekyrkja og skal vere frivillig ein dag i veka i den kristne bokhandelen i Tel Aviv.

I tillegg er det mye praktisk arbeid i samband med ting som skjer i forsamlingshuset og gudstenestene laurdag og søndag, seier ho.

Kyrkjeorgel

– Korleis ser det ut rundt kyrkja?

I gata vår ligg kyrkja, forsamlingshuset, Beit Immanuel og nokre andre hus. Ei fin og rolig gate i eit stilig og urbant nabolag.

I veka har dei open kyrkje der ein kan komme innom for å sjå den nydelige kyrkja deira. Der er det flotte glasmåleri og det største kyrkjeorgelet i området.

I Noreg er kyrkjeorgel heilt vanlig, men det er det ikkje her. I helgene er det gudsteneste laurdag klokka 11, på hebraisk og engelsk, og søndag klokka 10, på engelsk. I tillegg til dette har vi innimellom konsertar i kyrkja. Vi har aktivitetar andre dagar i veka også, bibelstudie både på hebraisk og engelsk, og Young Adults, men dette føregår i forsamlingshuset.

Gir Gud full kontroll

Fritida til Anne-Marthe har så langt gått med til å bli kjent i området, bli kjent med jentene ho bur med, og menneska i kyrkja.

– Korleis er det å leve i storbyen Tel Aviv?

Det er spennende og kjekt å bu i Tel Aviv. Mange nasjonalitetar, religionar og  kulturar er samla i ein by. Det har blitt veldig verkeleg for meg at det er viktig at vi gjev Gud full kontroll på liva våre. Vi vil så gjerne sitte i førarsetet og styre kursen sjølv. Men Gud veit kvar vi skal, seier Lillebø.

– Er det nokre nordmenn innom kyrkja?

Vi har norske grupper som er innom på besøk, men på gudstenestene er det ei god blanding av alle nasjonalitetar.

Det er ikkje fyrste gong ho har vore i Israel. Allereie i 1994 tok ho og systera hennar ned til Israel.

Sidan har eg vore i Israel mange gongar og har blitt veldig glad i landet og menneska, fortel Anne-Marthe Lillebø. KPK

Her kan du høyre intervjuet vi  i Radio Sunnmøre har laga med Anne Marthe Lillebø: