WWL2017-KART-GRÅ.indd

I dag, onsdag 11.januar, blir årets forfølgelsesliste frå Åpne Dører offentleggjort; World Watch List 2017.

Dette er den einaste oversikta på verdsbasis der religiøs fridom blir målt og oppdatert. Graden av fridom ein kristen har til å leve ut trua si på, vert målt på følgjande fem område av livet: privat, i familien, i samfunnet, nasjonalt og i menigheitslivet. I tillegg vert eit sjette område målt: graden av vold. På denne lista rangerer ein dei 50 landa i verda der det er aller tøffast å leve som ein kristen. WWL er meir enn tal og statistikkar; den omfattar millionar av kristne brødre og søstre som blir forfølgde for trua si. Hovudmålet med å presentere forfølgelseslista, er å gi støtte til dei menneska som fins bak tala og statistikkane. I dagens program fortel Olaug Lillian Bjørke oss meir om WWL, og du får også eit intervju med informasjonsleiar i Åpne Dører, Linda Askeland. Elles anbefaler vi varmt å gå inn på www.opendoors.no for å  lese meir om World Watch List 2017.

Høyr vekas program frå Åpne Dører her: