I vekas program frå Åpne Dører tek Olaug Lillian Bjørke utgangspunkt i Jesu ord frå Bergpreika, der Jesus blant anna seier «Be for dei som forfølgjer dykk.»

I dette programmet tek Olaug Lillian Bjørke utgangspunkt i Jesu ord frå Bergpreika, der han blant anna seier «Be for dei som forfølgjer dykk». Mange ber for forfølgde kristne. Men er det skilnad på å be for dei – og med dei? Mange forfølgde ber for sine forfølgjarar, og dei ber kristne søsken over heile verda om å stå saman med dei i bøn. Vi går nesten 2000 år tilbake i tid, og dveler ved Paulus, som gjekk frå å vere forfølgjar til å bli ein etterfølgjar av Jesus, og sjølv opplevde forfølgjing. Ei utruleg historie som viser at ingen er umogleg for Gud. Også i dag skjer det at forfølgjarar vender om, og blir etterfølgjarar. Åpne Dørers faglege leiar Stig Magne Heitmann blir sitert i programmet: «Vi ber om at de som forfølger, må få møte Gud og vende om fra sine onde gjerninger, slik Jesus møtte Saulus på veien til Damaskus. Jesus gav sitt liv for alle mennesker, også forfølgerne. La oss be om at de må slutte å tjene ham som bare er ute etter å myrde, stjele og ødelegge, og at de må gi sine liv til Jesus» I programmet får du elles høyre songgruppa LaKris frå Ulsteinvik som syng «Jesus min rustning» (T/M Kari A. Osnes)