I dette programmet ser Olaug Lillian Bjørke tilbake på fjoråret i Åpne Dører. Du får lytte til vitnesbyrd og får konkrete tal som viser korleis organisasjonen jobbar for å nå målsetjinga om å styrke og utruste forfølgde kristne. La deg inspirere av desse glimta frå arbeidet; der du blant anna får høyre om ei av dei over 500 000 som har motteke undervisning, opplæring og traumehjelp. Hauwa frå Nigeria var bortført av Boko Haram i fire år, og då ho vart sett fri, hadde ho ein liten gut på to år. Ho har delteke på Åpne Dørers traumeseminar, og fortel: «Tidlegare hata eg guten min. Men no forstår eg at han ikkje valde å bli fødd; det er ikkje hans feil at eg blei bortført og valdteken. Eg har bestemt meg for å elske og ta vare på guten min, med Guds hjelp.» I programmet får du elles lytte til Sølvi Hopland og Kor de Ville som syng «Herre, gje meg dine auge».