-Grunnmotivet i all min diktning er mennesket og det evige, enklare sagt mennesket og dets skapande hemmelige skapar. Eg kan ikkje forstå at folk ikkje tror på Gud. Det er det mest latterlige eg høyrer. Då seier eg til dei; – kven trur du former dine ben i din mors liv, var det blinde molekylære forbindelser eller var det ein skapande ånd, seier Arnold Eidslott i eit intervju gjort i 2005. Den 10. juni i år er det 100 år sidan den kristne poeten og ålesundaren Arnold Eidslott vart fødd. Han høyrer til ein av dei fremste poetane i Noreg og døydde i 2018. Radio Sunnmøre har motteke eit intervju gjort av Johan Behrentz som aldri tidlegare har vore publisert.

Markering av 100 års jubileet markerast i Volda kyrkje laurdag og i Spjelkavik kyrkje søndag.

LYTT TIL INTERVJUET HER