Boka Samfunnsbyggjar med Hauge i bagasjen tek for seg ei utvikling gjennom 400 år, men med hovudvekt på perioda frå slutten av 1880-talet der fiske og produksjon av sild er viktig. Håkon Hartvedt har skrive boka om Inge Halstensen og livet hans og arva etter slekta i arbeidet med fiske og bygging av samfunn. Den kristne trua har og vore svært viktig for Halstensen, som han fekk då han vaks opp i ein kristen heim.

Sunnmøre har og vore ei viktig kontaktflate for Halstensen gjennom åra, kanskje særskild då han overtok fabrikktrålaren «Granit» frå Vartdal.

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Inge Halstensen om korleis den kristne trua har fått vore med i hans livslange og samfunnsbyggjande arbeidet, og om hans tankar om Hans Nielsen Hauge 250 år etter Hauges fødsel.