Site icon Radio Sunnmøre

Oddveigs hjartesaker

I nesten 30 år var Oddveig Molnes dagleg leiar i Radio Sentrum, som i dag heiter Radio Sunnmøre, og er framleis med som frivilleg medarbeidar. Kvar søndag er det Oddveig du høyrer i fleire av programma på Radio Sunnmøre.

Nyleg starta Oddveig med eit nytt program søndagane, som ho har kalla for Oddveigs hjartesaker. I gjennom fleire år har Oddveig samla på både gode møter og gode ord og tankar, og ho brenn for å dele evangeliet med menneske. Dette ynskjer ho å dele meir av i sitt nye program. 

I ein prat under årets Radiogiv fortel Oddveig Molnes meir om programmet til Arild Ove Halås.

Exit mobile version