Det er ein lang og god tradisjon å invitere til leir for eldre på Brusdalsheimen i august. I år er det Hilde Giske Lukkedal som skal vere leirsjef og ho kan love eit allsidig program, god mat og godt fellesskap. Det vert festkveld med stort kakebord, nattverdmøte, busstur til Haramsøya og Longva i tillegg til andre programpostar. I år er det Astrid og Lars Reinlund frå Karmøy som er talarar og songarar. I tillegg deltek fleire lokale songkrefter. Tema for bibeltimane dette året er Synene frå Patmos. Det er mogleg å melde seg på og bu på Brusdalsheimen eller å kome innom på enkeltmøte.