I denne vekas prat med Kenneth Rasmussen høyrer vi mellom anna at President Mahmoud Abbas ikkje vil betale for all strømmen som trengs på Gazastripa. Inn frå sidelinja kjem då Mohammed Dahlan og fiksar dieselolje frå Egypt til bruk i kraftverka på Gaza. Dahlan er ein rival til Abbas.

Det gjekk også rykte om at Mahmoud Abbas (82) hadde fått hjerteinfarkt. Det var falsk alarm, men kva om rykta hadde vore sanne? Dette er noko av det vi snakkar om i den siste praten før sommerferien.