I dagens program får du høyre om Stig Magne Heitmanns nyaste bok – «Konvertittene». Boka kom ut på Lunde forlag denne hausten, og den inneheld sterke historier om muslimar som blir kristne.

Dei kjem frå Afghanistan, Iran, Somalia og Turkmenistan, og felles for dei alle er at dei har lagt si muslimske fortid bak seg. Veiane deira til tru på Jesus er ulike. Dei har møtt Jesus gjennom andre menneske, via internett og tv, gjennom draumar og syner eller i møte med Guds ord. Du får også høyre om kva konsekvensar deira nye tru får, og korleis dei opplever

forfølgelse både frå myndigheiter, moskéar, lokalsamfunnet og sine eigne familiar. Men midt i alt så har dei opplevd noko som overvinner frykten for forfølgelsen: Dei har møtt Jesus. Den takksemda og kjærleiken dei har til Han, er gripande.

I programmet får du høyre Sentrums synge «Frihet», og deretter fortel Stig Magne ei av historiene i boka; om gjetarguten Hamed frå Afghanistan som fekk møte Den gode gjetaren. Boka kan kjøpast i Åpne Dørers webshop