Styreleiar Oddbjørn Brunstad og krinsleiar Johan Halnse i ImF Sunnmøre, saman med Randi og Jan Oskar Alnes, senterleiarar for Uio Ålesund, har måndag 18.mai skrive under for sal av Ålesund bedehus frå ImF Sunnmøre til UiO Ålesund. Foto:Ragnhild Kristine Vartdal Espelund/Radio Sunnmøre

Det 115 år gamle Ålesund bedehus vart måndag 18. mai selt til Stiftelsen Ungdom i Oppdrag (UiO). Ålesund bedehus vart bygd i 1905 av Ålesund Indremisjon, i 2009 tok Sunnmøre Indremisjon over huset. I dag vart salspapira underskrive av Randi og Jan Oskar Alnes, senterleiarar for UiO Ålesund, og Johan Halsne, krinsleiar ImF Sunnmøre, og styreleiar Oddbjørn Brunstad i krinsstyret.

Sidan 2014 har Ungdom i Oppdrag hatt fast tilhald i Ålesund bedehus. Ungdom i Oppdrag har i lengre tid vore i dialog med huseigar ImF Sunnmøre om å få kjøpe bygget, og no er dei to organisasjonane endeleg i mål, står det i pressemeldinga. Saman signerte Imf Sunnmøre og Uio kontraktane måndag 18.Mai i Ålesund bedehus.
– For Imf Sunnmøre har det heile tida vore eit ønskje om at Ålesund bedehus også i framtida skal vere eit hus med rom for å utruste og å byggje Guds forsamling. Saman med eksisterande arbeid i huset vil UiO vidarutvikle dette arbeidet på ein god måte. ImF Sunnmøre er difor i dag takknemlege for at vi kan gje stafettpinnen vidare til UiO, sier Johan Halsne, leiar for ImF Sunnmøre.

Måndag 18. november vart salspapira signert i Ålesund bedehus. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund/Radio Sunnmøre.


Verdsvid kristen bevegelse
Ungdom i Oppdrag er ein tverrkyrkjeleg kristen bevegelse som driv misjonsarbeid i meir enn 180 land. I Noreg har UiO ni senter, deriblant i Ålesund. Fokuset til senteret i Ålesund er misjonsskuler for kreative menneske og menneske som er glad i friluftsliv, og legeskipsarbeid.
– Vi er utruleg takknemlege for samarbeidet med ImF Sunnmøre, sier Randi og Jan Oskar Alnes. Dei er gift, og saman er dei senterleiarar for UiO Ålesund. – Vi er også veldig oppmuntra av at ein organisasjon med så djupe røter i regionen, som ImF Sunnmøre, har tru på og tillit til arbeidet vårt, held dei fram. Ungdom i Oppdrag planlegg å renovere og å utvikle ein moderne samlingsstad for kristent arbeid i det nyleg overtekne bygget. – Vi er i samtalar med fleire menigheter og kristne organisasjonar om å utvikle eit moderne møterom og kontor saman. Dette er også ImF Sunnmøre en del av, seier ekteparet Alnes. – Målet er å styrke kvarandre, sjå synergiar og vekst. Vi gler oss til å starte å setje huset i stand.

Uio Ålesund har store planar for bedehuset, og er svært takksame for at dei no er dei nye eigarane. Her saman med krinsleiar Johan Halsne og styreleiar Oddbjørn Brunstad frå ImF Sunnmøre. Foto_Ragnhild Kristine Vartdal Espelund/Radio Sunnmøre.


Store planar for arbeidet
Ekteparet er også involvert som sjukepleiar og kaptein på legeskipet til Ungdom i Oppdrag i Papua Ny-Guinea. Difor planlegg dei å utvikle eit presentasjons- og kontorlokale for dette arbeidet i lokalet som tidligare vart brukt av Kjøkkenservice. Her ønskjer dei å invitere skular, bedrifter og enkeltmenneske til å bli med på helsehjelp- og utviklingsarbeidet til legeskipet i Papa Ny-Guinea.
UiO skriv i si pressemelding at myndigheitene i Papa Ny-Guinea har invitert Ungdom i Oppdrag til å bli ein del av den nasjonale helseplanen til landet. Legeskipet har tannlegeklinikk, øyekirurgi, laboratorium og det sendast tre legeteam til lands med småbåtar. Myndiggjering og trening av lokale helsearbeidarar er ein viktig del av arbeidet til skipet. Alle ombord er frivillege, og arbeidet blir gjort med skip for å kome fram til menneske som bur isolert på kysten. – Det er mange fellesnemnarar mellom identiteten til legeskiparbeidet og identiteten til Sunnmørs-regionen, difor gledr vi oss til å opprette ein stad der menneske på Sunnmøre kan kome og bli med, avsluttar Jan Oskar Alnes.