16.januar offentleggjorde Åpne Dører si forfølgelsesliste; World Watch List. Den er basert på eit års rapportering frå feltet, og inneheld ei oversikt over dei 50 landa i verda der det er tøffast å leve som kristen.

WWL blir revidert eksternt av The International Institute for Religious Freedom, og blir sett på som den mest omfattande og pålitelege rapporten innan sitt felt. Lista representerer 245 millionar menneske som blir forfølgde for si kristne tru, eit tal som er umuleg å førestille seg. I dette programmet gir Olaug Lillian Bjørke deg eit møte med to av desse: Pastor Wang fra Kina og Aisha frå Nigeria. Ein mann og ei kvinne som har fått kjenne forfølgjinga på kroppen. Pastor Wang vart fengsla like før jul, anklaga for å undergrave kinesiske myndigheiter. Trebarnsmora Aisha (28) opplevde at forfølgjarane bortførte ektemannen og voldtok henne i sin eigen heim. Pastor Wang hadde skrive eit brev i forkant av arrestasjonen: «Det at eg mister min personlege fridom, håper eg Gud kan bruke». Så skriv han om den fridomen som ingen kan ta frå han, sjølv ikkje dei som arresterer han. Aisha har fått traumehjelp i regi av Åpne Dører, og uttrykker si takksemd slik: «Eg har begynt å oppleve fred igjen, og eg er takksam for at Gud har ført dykk hit, så de kan fortelje verda kva som skjer i Nigeria». I programmet får du elles høyre Ingelin og Hildegunn Garnes Reigstad synge «Jesus er med deg».