Kvar dag blir 8 kristne drept for si tru. Kvar dag blir 10 kristne urettmessig fengsla. Kvar dag blir 40 kristne heimar brent eller øydelagde. Denne dystre statistikken kan hentast ut av Åpne Dørers forfølgelsesliste, som er fokus i dagens program. WWL vart offentleggjort 15.januar, og lista rangerer dei 50 landa i verda der det er aller tøffast å leve som kristen. Dette er den einaste oversikta på verdsbasis der religiøs fridom blir målt og oppdatert. Graden av fridom ein kristen har til å leve ut trua si på, blir målt på følgjande fem område av livet: privat, i familien, i samfunnet, nasjonalt og i kyrkjeliv. I tillegg blir eit sjette område målt: graden av vald. I dagens program får du eit intervju med Åpne Dørers faglege leiar Ole Petter Erlandsen. Bak tal og statistikkar skjuler det seg enkeltmenneske, og hovudmålet med å presentere WWL er å gi støtte til menneska vi finn bak tala. Lista fortel om meir enn forfølging! I mange av dei mørkaste landa skin lyset frå evangeliet, og Guds rike går fram. For meir informasjon om WWL, besøk gjerne https://www.opendoors.no/wwl-2020