Impact India – Vil du stå saman med oss?

Åpne Dører er inne i ei toårig kampanje med fokus på India. Impact betyr å påverke, ha sterk effekt på – ja, også kome i nærkontakt med. Vår partnar Samuel* utfordrar: «Vi – kyrkja i India – spør deg, du som er med i den globale kyrkja: Vil du stå saman med oss mot den aukande radikale hinduismen? Gjennom dine bøner og gåver kan vi bli i stand til å hjelpe fleire!» I programmet får du eit sterkt møte med Rajesh, ein av Åpne Dørers medarbeidarar. Med stor risiko reiser han til isolerte delar av India i teneste for forfølgde sysken. «Det er ei glede for meg å tene den forfølgde kyrkja. Når eg hjelper dei, tener eg Herren», seier han med overbevisning.

Du får høyre om då Rajesh besøkte ein familie som nettopp hadde mista dottera si i forfølgjing, og då han kom heim til ein pastor som var påført alvorlege skadar av ekstremistar. Du får også høyre om korleis angriparar under ei gudsteneste vart redde og la på sprang, då menigheita byrja å prise Herren! Kyrkja i India er under sterkt press, men den blomstrar. I programmet syng Olaug Lillian Bjørke «Mitt valg er gjort, jeg vil følge Jesus». Denne songen er skriven i India, under sterk forfølgjing.