Åpne Dører er inne i ein langsiktig kampanje for Syria og Irak; «Håp til Midtøsten». I dette programmet får du ei oppdatering på kampanjen og konkrete eksempel på korleis den er med og bringer håp til forfølgde kristne i Midtausten. Fleire kyrkjer i Syria og Irak er blitt Håpssenter som aktivt når ut i sine lokalsamfunn gjennom naudhjelp, inntektsbringande prosjekt og traumebehandling. Kyrkjene har ulike prosjekt for barn, unge og vaksne; og siktemålet er å gi framtidshåp til truande, så dei blir verande i regionen. Pastor George i Syria (biletet) er overvelda over støtta, og oppfordrar oss til fortsatt å stå med. Han seier: «Tusen takk for at de har gjort dette mogleg! Situasjonen er krevjande, og vi kan sjølvsagt ikkje hjelpe med alt, men vi kan gi det grunnleggande. Vi treng dykkar hjelp og støtte vidare, så vi kan fortsette arbeidet!» I programmet får du elles møte Dalia frå Irak, og høyre om kvinnearbeidet ho er engasjert i. Du får også høyre Ingebjørg Bratland synge «Kom Jesus, lys din fred på jord».