I dette programmet møter du Nisreen frå Syria. Ho har ei fantastisk historie! Som barn vaks ho opp i ein muslimsk familie, men ho var heile tida tiltrekt av dei kristne og deira venlege veremåte. Det var først i 2016 at ho forstod at Jesus kom for alle – også for henne! Nauden i Syria førte Nisreen til matutdelinga i ei av Åpne Dørers samarbeidskyrkjer. Her traff ho Abu, som ga henne meir enn mat! Han delte evangeliet med Nisreen, og lengslane frå barndomen hennar fekk svar. «Trua på Gud gir meg styrke. Eg er ikkje redd for livet lenger. For nokre år sidan prøvde eg å gjere slutt på alt. Men no er alt forandra, og Jesus er den viktigaste i livet mitt. Eg ønsker at heile verda skal få vite at eg elskar Han. Kvifor skulle eg skamme meg over Jesus?» seier Nisreen med overtyding. I programmet får du elles høyre Agathe Charlotte Gaupås synge «Nåde».